Sognbook Spelferd med Odd Einar

Dato: Lørdag 3 jul 2021 - lørdag 3 jul 2021

Sognbook Spelferd med Odd Einar / Hydlastova

 

I samarbeid med Stryn Visefestival og Sparebanken Sogn og Fjordane opnar Hydlastova dørene og inviterer til konsert med Odd Einar Nordheim laurdag 3.juli.

 

VIKTIG! Publikum kan sitte på bord med plass til opptil tre eller fire per bord. Dette for å ivareta kravet om 1 meter avstand. Det blir lagt ut få billettar, så her er det førstemann til mølla. Hugs å bestille saman om de vil sitte saman.  

 

Alle gjeldande smittevernsreglar vil sjølvsagt bli fulgt nøye. 

 

Dørene opnar 19.00

Konsertstart 19.30


Odd Einar Nordheim blei kjend for heile Noreg som den store soulstemma frå Sogn under Stjernekamp i fjor haust. Han har 3 album under beltet og har hausta lovord frå publikum og musikknoreg for sine livekonsertar. Odd Einar syng med sjel og hjarte. Ein kan ikkje unngå å bli berørt.

 

I november slapp han sitt siste album "Sognbook" med oversettingar av kjende internasjonale songar til sognedialekta. På denne konserten på Hydlastova gler han seg til å få synge desse songane der dei høyrer heime.

 

De vil få servert songar som Bob Dylan's "Make you feel my love" / "Fordi eg elska deg" og Chris Stapleton's "Tennessee Whiskey" / "Pjolter med is", mellom anna. Alt servert med sjel, stemmeprakt, trøkk og hjarte.

 

Odd Einar er så heldig å ha fått med seg Christian Stähler på tangentar og Florø sin store son, Terje Kjørlaug, på gitar. Alt tyder på at dette blir ein kveld for minnebøkene! 

 

Vis mer

Bestill nå

Build: 28.07.2021 18:30:40, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8610.cbischannel-31948.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails